Hei! Eg heiter Mona Fossdal, og underviser i programfag innanfor medium og kommunikasjon, og studiespesialiserande formgjevingsfag ved Mo og Jølster vgs. I denne bloggen vil eg vise døme på elevarbeid til oppgåver og prosjekt i designfaga her ved Mojo. Dei siste arbeida som er lagt inn på bloggen er Monogram og Årbokdesign av 1mka-elevar (under kategorien “Calligram” og under “Design/stilperiodar”). Velkommen til bloggen min om designfag i skulen! Og stikk gjerne òg innom ein eigen blogg for programområdet Studiespesialiserande med formgjevingsfag for å sjå kva som skjer innan dei tre SF-klassane ved skulen vår!

Sampling av kunst
august 30, 2011Noko som kan vere svært morosamt, er å lage reklameprodukt med utgangspunkt i kjente kunstverk. Dette kan samstundes vere litt i grenselandet i forhold til kva som er lov i forhold til opphavsrett. Sidan dette er ei skuleoppgåve – der produkta ikkje skal nyttast kommersielt – håper eg at dette går bra likevel!
Plakat med utgangspunkt i kjente kunstverk og skulpturar, laga av elevar ved Mojo i klasse 1mka og 1mkb vinteren 2010:
Reklameplakat med utgangspunkt i Marilyn Monroe popkunstbilete av Andy Warhol. Laga av (over frå venstre): Hanna Sætre og Ingrid B. Hage
Plakat med utgangspunkt i maleriet “Ekteparet Arnolfini” av Jan van Eyck, i ny versjon av Ana Patricia I. Kleppe. Over til høgre ser vi maleriet American Gothic av Grant Wood, i ny versjon av Ian Gulestøl
Mona Lisa av Leonardo da Vinci – i ny drakt av Mariell Buttedal Myklebust til venstre, og Åse Levanger Indrebø til høgre
Mona Lisa-plakat av Caroline Skarstein, og reklameplakat med Frihetsgudinnen av Fredrik Hugøy Espedal
“David” av Michelangelo: Plakat av Kristina Juklestad, og “Frihetsgudinnen” : Plakat av Dovydas M. Høgseth
“Skapelsen” av Michelangelo, i reklameplakat av Simen Berge Kongsvik
“Skapelsen” av Michelangelo, i Rune Stølen sin tolkning
“Brureferd i Hardanger” av Tidemand og Gude, reklameplakat av Andrea Katrine Natland
Mona Lisa og sjølvportrett
Her har elevar i 1mka og 1mkb laga sjølvportrett – med utgangspunkt i maleriet Mona Lisa av Leonardo da Vinci. I denne oppgåva skulle elevane lære å nytte ulike redigeringsverktøy i Photoshop, bla. kloneverktøy, fargejusteringsverktøy, markeringsverktøy og penslar.
Sjølvportrett av Torbjørn Frøysland, Dovydas Miliauskas Høgseth , og Simen B. Kongsvik
Sjølvportrett av Caroline Skarstein, Hanna Sætre, og Åse L. Indrebø
Sjølvportrett av Marte A. Djupvik, Ana Patricia Kleppe og Ian Gulestøl

Nettbasert design
august 30, 2011I tillegg til å arbeide med grafisk design til trykksaker, så er også elevane ved Mo og Jølster vgs. innom ulike typar skjermbasert design. I eit tverrfagleg prosjekt i klasse 2mka, medium og kommunikasjon, har elevane blant anna nytta programmet Dreamweaver til å designe sine eigne websider. Bileta på websidene er bearbeidd i Photoshop. Dei har arbeidd med webdesignet i faga mediedesign og medieuttrykk, medieproduksjon og mediekommunikasjon. Elevane i 2mka har også designa header til blogg, inspirert av enten 50-tals-stil eller 60-tals psykedelisk stil, og 1mkb har laga bloggheader inspirert av Grafitti eller Street-art stil.
WEBDESIGN
Webdesign av Oda Skaar Solheim
Webdesign av Steffen Mikkelsen Fureli
Header og design til webside, av Maria Vårdal Haugland
BLOGG
Bloggheader i Street art/Grafitti-stil, av Mariell Buttedal Myklebust
Elevar i frå klasse 2mka arbeider med design til ein header til ein blogg. Foto: Mona Fossdal

Design og illustrasjonar til bøker
august 30, 2011Eg vil her syne nokre døme på illustrasjonar og design til bøker, som elevar ved Mo og Jølster vgs. har arbeidd med. Arbeida er laga av elevar frå programområdet medium og kommunikasjon, og frå studie-spesialiserande formgjevingsfag. Elevane i medium og kommunikasjons-klassane har arbeidd med bokdesignet i faga mediedesign, og i prosjektfaget (grafisk design/mediedesign). I studiespesialiserande formgjevingsfag, har elevane arbeidd med illustrasjonane til bøkene i faget Visuelle kunstfag, og med det grafiske designet i faget Design og arkitektur. Her er det blitt gjort mykje spennande og godt designarbeid!
BOK AV ULIKE MATERIALE
Til denne boka som omhandlar funksjonalisme, har eleven vektlagt materialbruk i designet sitt. Omslaget består av pleksiglas, og forsatspapiret er av kork.
Bokdesign av Remi Andre Gjervik Rygg. Foto: Mona Fossdal
DESIGN OG ILLUSTRASJONAR TIL BARNEBØKER
Bokomslag til barnebok av Sandra Marie Stølen. Foto: Mona Fossdal
Design og illustrasjonar til bokomslag og oppslag til barnebok av Iselin Heimdal Ytrøy
Illustrasjon og design til eit oppslag, av Ingrid Olsen, elev ved Studiespesialiserande formgjevingsfag
KOKEBOK
Bokdesign med foto av Anna Aasen Savland. Anna har også laga alle kakene og dessertane som er med i kokeboka
BOKDESIGN MED ILLUSTRASJONAR INSPIRERT AV ART DECO
Illustrasjonane i dette bokdesignet, er laga i frå grunnen av i programmet Adobe Photoshop. Dette var ei oppgåve i faget mediedesign på linja medium og kommunikasjon, på VG2.
Bokdesign og illustrasjonar til omslag, forsatspapir og tittel/vignettside, av Daniel Vårdal Haugland
BOKOMSLAG
Illustrasjonen på bokomslaget under til venstre er utført av ein elev i klasse 1mka, i faget prosjekt til fordjuping. Eleven har fotografert jenta sjølv, og har fått fram eit surrealistisk preg ved å manipulere inn sommarfuglvengjer i Photoshop. illustrasjonen på bokomslaget til høgre, er også bearbeidd i Photoshop, med penselverktøy for å få fram dei “svarte klattane”. Dette bokdesignet er også utført av ein elev på programområdet for medium og kommunikasjon.
Bokomslaget til venstre er designa av Signe Øvrebotten, og bokomslaget til høgre er av Frode Midtbø Bjørkedal
BOK OG EMBALLASJE
Ei av oppgåvene til ein opptaksprøve på kunsthøgskulen i Bergen (KHiB), gjekk ut på å utforme ein boks, som ein skulle kunne kikke inn i. Eleven i frå klasse 3mka som har laga produktet i dømet under her, valte å lage ei samanleggbar “trekkspelforma” bok, montert på ein boks i same storleik som boka. Boksen (under boka) er fylt med sneglehus. Eleven skreiv teksten til boka, illustrerte denne digitalt, lagde designet i programmet Adobe Illustrator, og lagde sjølve prototypen på boka/emballasjen i kartong. Resultatet vart flott, opptaksprøven gjekk bokstavleg talt “i boks”, og eleven blei tatt opp som student ved KHiB!
Boks og bokdesign av Vilde Branaas Kleppe. Det er eit lite rundt hol øvst på boka/boksen, der vi ser eit lite sneglehus i frå illustrasjonen under. Foto: Mona Fossdal
Boks og bokdesign av Vilde Branaas Kleppe. Baksida av “trekkspelsidene” består av ei blå flate med sneglehusmønster på. Boksen nedst er fylt med sneglehus. Foto: Mona Fossdal
Bokdesign av Vilde Branaas Kleppe
Oppslag til bokdesign og boks, av Vilde Branaas Kleppe. Foto: Mona Fossdal

Emballasje/3-dim. produkt
august 30, 2011EMBALLASJE, 3-DIMENSJONALE DESIGNPRODUKT, OG ETIKETTAR
Eg vil her vise døme på grafisk design til litt ulike typar 3-dimensjonale designprodukt, som elevar ved Mo og Jølster vgs. har laga. Desse døma er i frå medium og kommunikasjonsklassar på VG1 og VG2-nivå, der elevane har arbeidd med produkta i faga mediedesign, medieproduksjon og i prosjekt til fordjuping (grafisk design/mediedesign). Arbeida består av blant anna gåvepakningar, emballasje til godteri, og til parfyme. I tillegg har elevane arbeidd med grafisk design til CD-cover, DVD-cover, bæreposar, te-emballasjar, menyar, T-skjorter og etikettar.
Design til Twistboksar, av Rune Stølen, Marita Solheim, Lovise Johnsen og Kristina Juklestad
EMBALLASJE TIL TE
Te-emballasjen over til venstre er designa av Ole Kollstrøm Heilevang, og emballasjen til høgre er designa av Caroline Helle i 2mka. Foto: Mona Fossdal
Te-emballasjane over er designa av Aleksander Nygård Tonheim, og designet er inspirert av afrikansk stil. Foto: Mona Fossdal
Design til Twistemballasje i ein 50-tals-inspirert stil, av Caroline Skarstein. Foto av boksen: Mona Fossdal
EMBALLASJE/GÅVEPAKNINGAR
Arbeida er laga av (øvst frå venstre) : Kjersti Lien, og Martin Branaas Kleppe. Nedst: Malin Valberg Svarstad, Remi Andrè Rygg, og Ronny Brede Aase. Foto: Mona Fossdal
DESIGN TIL DVD-COVER
“Elevar i 2mka arbeider med DVD-design”. Digital collage av Mona Fossdal
DVD-design av Siri Ann Roska, 2mka
DVD-design av Ole Kollstrøm Heilevang, 2mka
DVD-design av Malene Birkeland, 2mka
DESIGN TIL CD-COVER
Kine Andrea Løkeland leknes, 2sfa
Cd-design av Daniel Vårdal Haugland
Cd-design i popkunststil, av Steffen Mikkelsen Fureli. Foto: Mona Fossdal
ETIKETT-DESIGN
Arbeida er laga av (øvst frå venstre) : Marie Tefre Birkeland, Cecilie Brendehaug Rysjedal, og Signe Øvrebotten. Nedst frå venstre: Ingrid Vågane Helle, Vilde Kleppe Branaas, og Ørjan Bruland. Foto: Mona Fossdal
EMBALLASJE TIL GODTERI
Arbeida er laga av (øvst til venstre): Karina Wergeland Solemdal, og (til høgre) Bjarne Bakke Kvistad. Nedst til venstre: Frode Midtbø Bjørkedal. Foto: Mona Fossdal
Chipsemballasjen er designa av Julia Haveland, tyggispakningane av Hanne Cecilie Sande, dropspakningane av Ida Hjellbrekke Frøyen, og sjokoladeboksen av Ingve Eikeland. Foto: Mona Fossdal
BÆREPOSEDESIGN
Bæreposedesign av Thea Halås, Tor Midtbø og Malene Birkeland. foto: Mona Fossdal
T-SKJORTE, OG MENYDESIGN
T-skjortedesign og merkelapp av Sylvia Joo Sargenius, og meny av Guro Fosse Fardal. Foto: Mona Fossdal
Menydesign av Ingrid Vågane Helle. Foto: Mona Fossdal

Magasin og avis
august 30, 2011DESIGN TIL MAGASIN
Elevane ved medium og kommunikasjonsklassane ved Mo og Jølster vgs., har arbeidd med design til fleire ulike typar magasin. Dei har til dømes laga grafisk design til musikkmagasin, fagmagasin, motemagasin og reisemagasin. Dei har brukt eigne foto, foto av andre, eller laga eigne illustrasjonar . I dømet under vil eg syne ulike typar framsidedesign, og design til oppslag som elevane har utforma. Dei har arbeidd med coverbileta i Adobe Photoshop, og nytta Indesign til ferdiggjeringa av oppslaga. Dei har vektlagt komposisjon, fargebruk, bilete, balanse, spenning, dynamikk, blikkfang, rytme, rørsle, typografi, skriftkontrastar, lesbarhet, margbruk, og visuell heilskap i mellom dei to sidene på oppslaget.
Framside og oppslag til musikkmagasin, av Åse Levanger Indrebø, frå 1mka
Framside og oppslag til eit musikkmagasin, av Terese Helle i 1mka
Oppslag til musikkmagasin, laga av frå venstre: Ingrid Befring Hage, og til høgre: Torgeir Timenes Bell
Framsider til musikkmagasin av frå venstre: Vanja Birkelid, Andrea Katrine Natland, og Hanna Sætre
Musikkmagasin: Framside av Marita Solheim, og oppslag av Rune Stølen
Oppslag til eit musikkmagasin, av Caroline Skarstein
Framsider til musikkmagasin, frå venstre av Caroline Skarstein, og Rune Stølen, 1mka
Designet er laga av (øvst til venstre) Kristine Kostøl Hornes, Runar Smelvær (under), og til høgre: Marita Myklebust
Framside og oppslag av Daniel Vårdal Haugland, og design nedst frå venstre av: Vilde Kleppe Branaas, Stig Indrebø, og Kjersti Lien
Magasinframsidene er designa av Oda Skaar Solheim, Lene Ytreland Nordbotten, og Steffen Mikkelsen Fureli – frå klasse 2mka
Magasinoppslaga er designa av Marta Gundersen og Ida Hjellbrekke Frøyen frå 2mka. Illustrasjonane er utført i scraperboardteknikk
Magasinframsider laga av 1mka-elevar i PTF-faget. Elevane har fotografert motiva sjølv, og laga designet i Adobe Illustrator. Frå venstre: Camilla Svensli Johnsen, Siri-Ann Roska, og Malene Birkeland.
ILLUSTRASJON TIL NOVELLE, OG DESIGN TIL EIT OPPSLAG
Dette er døme på ei tverrfagleg oppgåve i faga norsk, visuelle kunstfag, og design og illustrasjon – i programområdet studiespes. formgjevingsfag. Nokre av elevane har skrive ei novelle, medan andre har analysert ei novelle, for deretter å illustrere denne. Illustrasjonane i dømet under er utført i teikneteknikk, foto, og i blandingsteknikkar med foto, photoshop og teikneteknikk. Illustrasjonane er bearbeidd i Photoshop, medan det ferdige designet til oppslaga er utført i programmet Adobe Indesign.
Design og illustrasjonar av (frå venstre) Karina Ryland, Anne Helene S. Furrevik, og Joakim Auflem Flølo
Elevane i 3sfa hadde ei oppgåve i faget Trykk og foto – der dei først skulle ta eigne foto, bearbeide desse i Adobe Photoshop, og til sist nytte bileta i eit framsidedesign til eit magasin. Her er nokre av elevarbeida:
Designet er laga av Solveig Henriette Einevoll, og Karoline Vie
DESIGN TIL AVIS
Kvar haust pleier vi å gjennomføre eit tverrfagleg avisprosjekt på vg1, i medium og kommunikasjonsklassane. I dette prosjektet arbeider elevane i faga mediekommunikasjon (der dei sjølve gjer intervju, og skriv journalistiske tekstar), og i faga mediedesign og medieproduksjon, – der dei fotograferer, og arbeider med design til avis-stoffet, gjennom layoutskisser, og ferdiggjering av designet i Adobe Indesign. Her er døme på avissider som MK-elevar ved Mojo har designa:

Profileringsmateriell
august 30, 2011LOGO er kanskje det viktigaste elementet i profileringsmateriell. Ein logo skal kommunisere visuelt, få fram assosiasjonar til bedrifta, klubben, organisasjonen eller forretninga som den skal nyttast for. Både typografi, fargar og formar/motiv i logoen må vere valt ut i frå kommunikasjonsverdien. Logoen skal fungere i forhold til målgruppa, og må kunne nyttast i ulike storleikar, og til ulike produkt og bakgrunnar. Den må vere enkel og tydeleg, også i nedskalert storleik. I dømet under her ser vi logoane som ungdomsbedriftene til MOJO har designa dette skuleåret. Klasse 2mka har arbeidd med logodesignet i mediedesignfaget (Blikkfang UB), medan 3sfa har arbeidd med designet i faget Design og arkitektur (Art de-sign UB). Viser også her nokre døme på andre utprøvingar til logodesignet, og logoen som blei nytta til 2mka si ungdomsbedrift i fjor.
Logoen øvst til venstre er designa av Elise Haram Vannes, og logoen til høgre er designa av Hanne Cecilie Sande. Under ser vi logoforslag av Hanne Cecilie, Lene Ytreland Nordbotten, og Maria Vårdal Haugland
Visittkort (og logo) av Urd Ingunn Eriksen
PROSESS FOR UTFORMING AV LOGO
I denne videoen (frå You Tube) får vi eit godt inntrykk over arbeidsprosessen som ligg bak eit logodesign:
I ein visuell profil bør det vere eit klart seriepreg i mellom alle element/produkt. Logo, fargar, typografi, former/element, og fargar skal ha ein visuell heilskap. Dei designmessige vala skal ta utgangspunkt i kva ein ynskjer å kommunisere. Her er nokre døme på elevarbeid (til visuelle profilar) som er laga av MK-elevar i mediedesignfaget, ved Mojo:
Visittkort til ungdomsbedrift av Ole Kollstrøm Heilevang
Profilering til musikkforretning, av Urd Ingunn Eriksen
Profileringsmateriell til eit hotell, av Ingve Eikeland. Foto: Mona Fossdal
Kvar haust pleier vi å gjennomføre eit tverrfagleg reklameprosjekt i medium og kommunikasjonsklassane, på VG1 nivået. Elevane arbeider i grupper, og utformer reklametekstar og slagord, fotograferer, og lager design til ulike reklameprodukt (annonse, plakat, bærepose, gåvepapir, folder, brosjyre, visittkort, emballasje osv). Dei arbeider med prosjektet i faga mediekommunikasjon, medieproduksjon og i mediedesign. Her er eit døme på reklameprodukt som 1mka elevar har laga for butikkar som sel klede:
Produkta øvst, til Lene V, er laga av Steffen Mikkelsen Fureli, Oda Skaar Solheim og Lene Y. Nordbotten. Andre rad, produkt til Smia: Siri Ann Roska, Camilla J. Svensli og Caroline Helle. Tredje rad, produkt til Lene V, er laga av: Silje Undal, Thea Halås og Ann Helen Kvamen. Foto av 3-dim. reklameprodukt: Mona Fossdal
Produkta øvst, er designa av: Guro Fosse Fardal, Ingrid Vågane Helle og Kjersti Lien, og produkta nedst, er designa av: Signe Øvrebotten, Marte Wergeland Solemdal, og Ragnhild B. Gjelsvik
REKLAMEMATERIELL TIL EIN ORGANISASJON
Reklameprodukta er laga av Sanne Emilie Slåtten Madsen, Helga Øen Åsnes og Malene Birkeland
SKILTING, PIKTOGRAM, TEIKN OG SYMBOL
I prosjektfaget i ein medium og kommunikasjonsklasse ved Mojo, arbeidde ein av elevane med opptaksprøvar til KHiB (Kunsthøgskulen i Bergen). Ei av oppgåvene til opptaksprøven, var å utforme piktogram (skilting) til ulike rom ved ein skule. Desse piktogramma blei svært flotte! (Eleven kom også inn ved KHiB!) Eleven fokuserte på å lage klare, enkle symbol, og visuell heilskap/seriepreg i mellom dei ulike piktogramma. Piktogramma gjev eit moderne uttrykk, likevel om motiva har ein klar link til “gammaldagse” gjenstandar.
Piktogram av Vilde Kleppe Branaas
Vignettar til TV-program: Vg1 elevar v. Mo og Jølster, hadde ei oppgåve i faget mediedesign – som gjekk ut på å redesigne vignettar/kjennemerke for TV-program. Her er eit døme på nokre av TV-vignettane:
TV-vignettar av Vegard Bjørneset, Rune Aase Steinsland og Tore Åsen

Designfag i skulen
august 30, 2011Som lærar med undervisning i programfag som visuelle kunstfag, design og arkitektur, trykk og foto, prosjekt til fordjuping (grafisk design), mediedesign, og medieproduksjon, så har eg eit ekstra stort fokus på fagområda som høyrer inn under design. I denne bloggen vil eg difor både fortelle om, og legge inn relevant fagstoff knytt opp spesielt til grafisk design og til illustrasjon, og linke dette til skulekvardagen. I blogginnlegga vil eg vise døme på elevarbeid til oppgåver og prosjekt som eg har gjennomført ved Mo og Jølster vgs. i programområda for studiespesialiserande formgjevingsfag, og i medium og kommunikasjon.
Eg har også vore med i ei faggruppe som saman har skrive eit innlegg der vi har sett på verdien av studieturar. Viss du elles ynskjer å lese litt om temaet “Ungdom og medievanar”, så kan du finne informasjon på Wiki-sida Mojo-media. Wikien “Mojo-media” er eit samarbeidsprosjekt i mellom to kollegaer og meg, til eit IKT-studium arrangert av Høgskulen i Sogn og Fjordane, der vi lærer om ulike sosiale medium.
I forbindelse med IKT-studiet Webtenester – Digital kommunikasjon ved HSF, så har eg også planlagt eit undervisningsopplegg, der blogg skal brukast som eit presentasjonsverktøy av elevane. Her kan du laste ned dette undervisningsopplegget. Kom gjerne med tilbakemeldingar!
Velkommen til Mona Fossdal si bloggside om grafisk design og illustrasjon i skulen, og ta gjerne også turen innom på Netvibessida mi!
Elevarbeid øvst frå venstre: Sigrid Huke, Ingrid Vågane Helle, Rune Mo og Kjersti Lien. Nedst: Kjersti Lien, Julia Haveland, Urd Ingunn Eriksen, Guro Fosse Fardal, og Cecilie Brandehaug Rysjedal. Foto: Mona Fossdal

Illustrasjonsteknikkar
august 30, 2011Adobe Photoshop
Photoshop kan nyttast på mange ulike vis til å lage illustrasjonar. Til dømes kan ein auke kontrastane, og endre fargane i foto for å oppnå ein Andy Warhol – popkunstliknande stil. Ein kan også lage illustrasjonar heilt i frå grunnen av i photoshop (slik som det er gjort i dømet under her, med bringebærillustrasjonen). Digital fotocollage kan vere spennande, då ein har moglegheit til å arbeide med transparente lag, og ein kan også nytte skrift/typografi som illustrasjonsuttrykk. Døma under her er laga av elevar som går på Studiespesialiserande formgjevingsfag, og på medium og kommunikasjon på Mo og Jølster vgs. på Vassenden. I MK-klassane har dei arbeidd med oppgåvene i mediedesignfaget, og i Studiespesialiserande formgjevingsfag har dei arbeidd i faga Design og arkitektur, og i Visuelle kunstfag.
Bilete under heilt til venstre: Marilyn Monroe av Andy Warhol, og dei fire til høgre er sjølvportrett av Ingrid Olsen – inspirert av Warhol-bileta. Nedst til venstre ein etikett av Remi Andre Gjervik Rygg, i midten ein collage (monogram) av Aleksander Nygård Tonheim, og til høgre – bæreposedesign av Ole Kollstrøm Heilevang.
Digital fotocollage, Adobe Photoshop
Elevane i klasse 3SFA arbeidde med giraff som tema til denne oppgåva, og lagde to ulike illustrasjonar kvar – i denne teknikken. Her har dei funne mange ulike fotomotiv, klipt ut motiva ved hjelp av lassoverktøyet i Photoshop, og endra storleik og fargar på motivet. Dei har også arbeidd med transparente lag i bileta.
På biletet til venstre ser vi Elise Haram Vannes, og illustrasjonen hennar i digital fotocollage-teknikk i midten. Til høgre er collagen til Kari Lobenz Skarstein, og nedst er to illustrasjonar av Susan Norman. (2010) Foto: Mona Fossdal
Elevane i 1MKA og 1MKB arbeidde no i vinter med å designe cover til DVD. Her er døme på design der dei lagde illustrasjonane i teknikken digital fotocollage
DVD-cover, designa av Mariell Buttedal Myklebust. Illustrasjonsteknikk: digital fotocollage laga i Adobe Photoshop. Typografi: Adobe Illustrator
DVD-cover, designa av Astrid marie N. Årdal. Illustrasjonsteknikk: digital fotocollage laga i Adobe Photoshop. Typografi: Adobe Illustrator
Konturteikning i blyant/tusj som er fargelagt i Photoshop
Til desse oppgåvene som er laga i mediedesignfaget i 2mka, teikna elevane motivet for hand med blyant og tusj. Teikningane blei deretter scanna inn, og vidare bearbeidd og fargelagt i Adobe Photoshop. Vinetikettane er inspirert av Art Nouveau, og Psykedelisk stil, og Årbokdesignet er inspirert av Popkunst.
Årbokdesign inspirert av popkunststil av Elise Gulestøl og Marta Gundersen. Etiketten og emballasjen i Art Nouveaustil er laga av Marte Wergeland Solemdal. Foto: Mona Fossdal
Vinetikett i psykedelisk stil, av Signe Øvrebotten. Foto: Mona Fossdal
Teikneserie-framsidene er laga av Karoline Vie, Julie Aardal, Solveig Henriette Einevoll, og Caroline Kristin Torres Håland frå klasse 2sfa. Teknikk: Handteikna tusjteikningar som er fargelagte i Adobe Photoshop. Tekst er lagt på i Illustrator
Foto
Som illustrasjon til desse designprodukta har elevane nytta foto. Nokre av fotoa har elevane tatt i studioet på skulen, nokre foto er sett saman frå fleire ulike bilete, og dei fleste av fotoa er bearbeidd i Photoshop. Arbeida er laga i mediedesignfaget og i prosjekt til fordjuping (design), i vg1 og vg2 klassar i medium og kommunikasjon ved Mojo.
Filmplakat av Stig Indrebø, magasinframside av Guro Fosse Fardal, og filmplakat av Siri Ann Roska
Reklamefolder laga i eit tverrfagleg prosjekt, av Signe Øvrebotten, Marte Wergeland Solemdal og Ragnhild Gjelsvik. Foto: Mona Fossdal
Plakatane over er laga av 1mkb-elevane Caroline Skarstein og Astrid Marie N. Årdal. Bileta er bearbeidd i ein fargekulør
Vinetikettdesignet er laga av 1mka-eleven Ingrid Befring Hage. Biletet er bearbeidd i ein fargekulør
Her er fleire av vinetikettane som blei laga i klasse 1mka, med berre ein fargetone i bileta. Laga av øvst frå venstre: Ian Gulestøl, Lovise Johnsen, Torgeir Timenes Bell, Fredrik Hugøy Espedal, Simon berge Kongsvik. Nedst frå venstre: Vanja Birkelid, Terese Helle, Andrea Kartine Natland, Åse Levanger Indrebø, og Hanna Sætre
Vinetikettdesign av Ana Patricia Kleppe. Fotoet er bearbeidd i ein kulørtone
Penneteikning
I ei oppgåve som blei gjennomført i ein VG2-klasse for studiespesialiserande formgjevingsfag, så arbeidde elevane med å gjengje valørar, former, kontrastar, og detaljar i frå eit foto av eit dyremotiv. For å få fram gråtonar/valørar, så nytta elevane ein slags “prikketeknikk”, inspirert av avisteiknaren og illustratøren Finn Graff sin illustrasjonsstil. Elevane arbeidde fyrst med penneteikning/-illustrasjon i faget Visuelle kunstfag, og nytta deretter illustrasjonane i ei frimerkedesignoppgåve i faget Design og arkitektur. Under til venstre ser vi døme på eit par av penneteikningane av dyr, og også ei penneteikning av eit naturmotiv til høgre, der det er nytta kryss-skravering for å få fram valørane.
Teikningane frå venstre er laga av Karoline Eikenes, og Marita Flatabø, og Mia Hofsøy.
Frimerkedesignet under er laga av Marita Flatabø. 
Tusj, blekk, tynn pensel, penn
Til teikneseriar kan ein nytte enten vanleg tusj, ein tynn pensel, eller eit penneskaft med pennesplitt som teiknereiskap. Ein kan også kombinere desse ulike reiskapane. Sjølv leste eg blant anna Spiderman (Edderkoppen), Donald, Batman (Lynvingen), Conan, Tarzan, Fantomet, Superman, Prins Valiant, Pusur, “De fantastiske fire” , Sølvpilen, Tempo, og diverse Julehefte då eg var liten, medan eg i vaksen alder berre må lese Pondus og Nemi kvar dag. Her under er nokre døme på nokre flotte teikneseriar som elevar på Studiespesialiserande formgjevingsfag, ved Mojo har laga:
Teikneserie av Ingelin Flåen Olsen
Teikneseriar av Karoline Vie og Ane Marie Gjerland
Utsnitt frå teikneserie, av Karoline Vie
Akvarell
Akvarell er ein teknikk der ein nyttar vatnbasert maling. Ein legg på malinga i transparente lag, og lar dei felta/detaljane i motivet som skal vere kvite – vere udekt av maling. Det er vanleg å nytte eit grovt, tjukt papir til å male på, som tåler mykje vatn. Her er eit døme på illustrasjonar laga i akvarell, av elevar i frå 2SFA, og 2mka. På dei nedste døma ser vi akvarellar som er nytta som illustrasjonar i bokdesign.
Frå venstre: Guro Fosse Fardal, Brita Jordanger Kirkeeide, og Signe Øvrebotten.
Under: Bokomslag med akvarellillustrasjonar av Brita Jordanger Kirkeeide, og tittel/vignettside til bok av Cecilie Gjørøy
Elevane i klasse 3SFA, studiespesialiserande m. formgjevingsfag nytta akvarell som illustrasjonsteknikk til ein bloggheader. Fyrst eksperimenterte dei med akvarellteknikkane lavering, “vått i vått”, og prøvde også ut salt på våt maling. Til sist scanna dei inn akvarellane, bearbeidde dei i Photoshop og la på tekst. Her ser vi nokre av arbeida i frå klassen:
Akvarellar av Ane Marie Gjerland
Bloggheader med akvarell av Karoline Vie
Solveig Henriette Einevoll, Caroline Kristin Torres Håland, og Idunn Amalie Sandemose arbeider med akvarellar
Bloggheader med akvarell, av Caroline Kristin Torres Håland
Bloggheader med akvarell og digital fotocollage, av Solveig Henriette Einevoll
Collage
Her er døme på illustrasjonar som er laga i digital fotocollagestil (i Adobe Photoshop). Elevane i 1MKA og 1MKB designa cover til DVD, vinteren 2010. Her er nokre av dei flotte resultata!
Her er eit døme på ei oppgåve i Studiespesialiserande formgjevingsfag, som gjekk ut på at elevane skulle lage eit bilete/illustrasjon av eit dyremotiv, i ein blyglasliknande stil. Teknikken var collage, med farga papir som materiale, og kniv til å skjære til delane/bitane i collagen med. Elevane starta opp med å finne eit fotomotiv av eit dyr, og lagde deretter farga papir (med ulike valørar/nyansar) i photoshop. Her ser vi eit døme på prosess undervegs, og ferdig arbeid:
Til venstre: bilete av Anne Helene Furrevik, og collage av Anne Helene til høgre. Foto: Mona Fossdal
Same collageteknikk som i dømet over, vart også nytta i illustrasjonen på eit bokomslag, og til eit oppslag til ei bok. (Dette var ei designoppgåve i klasse 2mka). Sjå døme under her:
Klasse 3sfa, (studiespesialiserande formgjevingsfag), nytta same “blyglasliknande collageteknikk”, med utgangspunkt i temaet “Giraff”. Ein kan i desse arbeida sjå ein klar link til både mellomalder glasmaleri/rosevindauge, og til Art Nouveau, og Tiffany glaslampar.
Bileta er laga av: Sara Kollstrøm Heilevang, Marianne Bergset, Elise Haram Vannes, Cecilie Gjørøy, Joakim Auflem Flølo, Ingelin Flåen Olsen, Kari Lobenz Skarstein, Olav Sagen Hallberg og Rachel Andrea H.Viken. Arbeida nedst er laga av: Mia Hofsøy, Marielle Nordnes, Susan Norman, og Banzragch Jargalsaikhan
På bileta i frå venstre ser vi: Banzragch Jargalsaikhan, Cecilie Gjørøy, (handa til) Kari Lobenz Skarstein, Susan Norman, og Joakim Auflem Flølo. (2010) Foto: Mona Fossdal
I klasse 2mka (vg2 medium og kommunikasjon) gjennomførte vi rett før Jul ei lita designoppgåve som gjekk ut på å lage eit Julekort enten i ein manuell collageteknikk, eller i digital collageteknikk (ved hjelp av photoshop). Stilen/uttrykket er her ganske ulik i frå dømet over, likevel om dette også høyrer inn under collageteknikkar.
Her ser vi to av dei ferdige Julekorta i frå klassen: 
Kortet til venstre er laga av Ida Hjellbrekke Frøyen, og kortet til høgre er laga av Steffen Mikkelsen Fureli.
“Klipp og lim-collage”: Ei oppgåve i vg1 ved Mojo (i ein medium og kommunikasjonsklasse), gjekk ut på at elevane skulle lage ein collage inspirert av temaet “monster”, og sette saman ein monsterillustrasjon av ulike utklipte fotoelement. Dei skulle nytte blyant for å teikne auge, munn osv. på monsteret. Illustrasjonen skulle scannast inn, og bearbeidast vidare i Adobe Photoshop. Til sist skulle elevane nytte monsterillustrasjonane på emballasjedesign til drops eller karamellar.
Illustrasjon i collage/photoshop, og emballasjedesign av Ole Andre Rekkedal. Foto: Mona Fossdal
MATERIALBILETE
Materialbilete er også ein form for collage. I døma under (laga i faget mediedesign i ein MK-klasse ved Mojo) er det nytta alt i frå tøy/tekstiler, metall, knappar, kongler, avispapir, silkepapir og strie.
Arbeida er laga av (frå venstre): Julia Haveland, Brita Jordanger Kirkeeide, Ragnhild Bjørvik Fugle, og Signe Øvrebotten. Foto: Mona Fossdal
Scraperboard
Når ein arbeider med scraperboard, så nyttar ein ei plate med ei svart overflate, og scrapar fram motivet ved hjelp av ein skalpell eller eit anna spisst/skarpt reiskap. Den svarte plata består av eit tynt lag som ligg øvst, og med eit kvitt kritlag som ligg under denne overflata. Det er dei kvite linjene, formene og elementa i motivet, som ein skrapar fram i biletet/illustrasjonen. Nokre liker å arbeide fram motiva direkte i plata, medan andre føretrekk å teikne over (skissere opp) motivet med ein blyant først. Illustrasjonsstilen/uttrykket kan likne litt på linoleumsnitt eller på gamle koparstikk. Her er eit par døme på scraperboardillustrasjonar som er laga av elevar i frå Studiespesialiserande formgjevingsfag på Mojo.
Portrett laga av Sara Kollstrøm Heilevang. Barokkbygning av Susan Norman
BOKDESIGN med illustrasjonar i scraperboardteknikk
Klasse 2SFA arbeidde i fjor med bokdesign med utgangspunkt i kunsthistoriske periodar/stilar. Dei nytta illustrasjonar som dei hadde laga av arkitekturmotiv, utført i scraperboardteknikk, og lagde design til bokomslag, forsatspapir, og til tittel/vignettside og kolofonside.
Bokdesign av Susan Norman, med illustrasjonar i scraperboard
MAGASINDESIGN med illustrasjonar i scraperboardteknikk
Elevane i klasse 2mka (medium og kommunikasjon) hadde eit ynskje i år om å lære om fleire ulike illustrasjonsteknikkar. I forbindelse med ei magasindesignoppgåve, lærte elevane å lage portrett i scraperboardteknikk. Dei kunne nytte illustrasjonane enten på framsida til eit magasin, eller på eit oppslag til eit magasin. Elevane kunne også kombinere foto med illustrasjonar i designet. Både illustrasjonane og magasindesignet blei svært bra!
Designet er laga av (øvst frå venstre) : Elise Gulestøl og Hanne Cecilie Sande, og nedst av Rune Mo og Marte Mettenes Øen
Her er fleire av scraperboardportretta frå 2mka som blei laga til magasinoppgåva. Arbeida frå venstre er laga av Oda Skaar Solheim, Ida Hjellbrekke Frøyen og Lene Ytreland Nordbotten
Her er også nokre flotte illustrasjonar av dyr – utført i scraperboardteknikken. Desse arbeida er laga av elevar i klasse 2sfa (studiespesialiserande m. formgjevingsfag) i visuelle kunstfag.
Sandra Olin G. Kjøsnes
Linoleumsnitt
Til desse designprodukta har elevane nytta linoleumsnitt som illustrasjonsteknikk. Stilen passar godt til å få fram eit litt “gammalt” uttrykk, så teknikken fungerer godt til å få fram eit litt røft, grovt preg på emballasjen som er laga inspirert frå mellomalderen, og for oppslaget til ei bok som omhandlar Olav den heilage. Emballasjen under til venstre er laga av ein elev på medium og kommunikasjon, medan bokoppslaget er laga av ein elev som går på Studiespesialiserande formgjevingsfag.
Illustrasjonar i linoleumsnitt, og designprodukt av Remi Andre Rygg, og Marianne Bergset. Foto: Mona Fossdal
Akrylmaling
MALERI I POPKUNSTSTIL: Klasse 2SFA, (studiespesialiserande formgjevingsfag vg2) hadde i fjor ei oppgåve i faget Visuelle kunstfag, der dei skulle lage maleri med ku-motiv, utført i akrylmaling. Maleria skulle vere inspirert av popkunststilen. Under denne oppgåva skulle dei lære å bearbeide kjeldefoto i Adobe Photoshop, lære om stilarten popkunst, og bli kjend med ulike maleteknikkar til acrylmaling som til dømes bruk av svamp, palettkniv, og tynne og breide penslar. Som ei vidareføring av oppgåva, så nytta dei maleria som illustrasjonar i eit årbokdesign for skulen. Denne oppgåva arbeidde klassen med i faget Design og arkitektur. Årbokdesignet frå Ingelin Flåen Olsen og Signe Øvrebotten vart velt ut for skulen, og dette årbokdesignet vant også pris for beste skuleårbokdesign i Norge for 2008-2009!
Årbokdesign: Komposisjon/illustrasjon av Ingelin Flåen Olsen, og typografi av Signe Øvrebotten
Arbeida er laga av (øvst frå venstre) : Cecilie Gjørøy, Marielle Nordnes og Marianne Bergset. Nedst: Banzragch Jargalsaikhan og Ingelin Flåen Olsen. (2009) Foto: Mona Fossdal
ABSTRAHERING: Klasse 3sfa arbeidde i haust med akrylmaleri, der dei nytta kunstnaren Gunnar S. Gundersens maleristil som inspirasjonskjelde. Dei brukte eigne skisser av motiv inne og ute ved skulen som utgangspunkt for bileta. Klasse 2sfa arbeidde også med akrylmaleri, med utgangspunkt i temaet “Kaleidoskop“. 2SFA nytta eigne foto som utgangspunkt, og tok i bruk spegelvending i Photoshop som eit verkty – for å få ein komposisjon som gav assosiasjonar til temaet. Dei nytta også fargekorrigering og filtereffektar. Etter at kjeldefotoet var ferdig bearbeidd, teikna dei over motivet på lerret, og mala biletet med akrylmaling. Dei tre fyrste maleria under er laga av 3sfa elevar, medan dei tre til høgre er laga av 2sfa elevar.
Frå venstre: (inspirert av Gunnar S. Gundersen) Marianne Bergset, Rachel Andrea H. Viken, Kari Lobenz Skarstein, (og inspirert av temaet “Kaleidoskop”) Idunn Amalie Sandemose, Ane Marie Gjerland, og Sofie Halbrend
FILM SOM SYNER MALE-TEKNIKK MED ACRYLMALING (kjelde: Youtube)
Kolteikning
Elevane i SF-klassane har blant anna arbeidd med store kolteikningar av arkitekturmotiv, der dei har fokusert på proporsjonar, gjengjeving av teksturer/- overflateverknadar i motivet, lys/mørke, skuggelegging, valørar/nyansar og kontrastar. I desse teikningane har elevane arbeidd i frå lyst til mørkt, men det er også mogleg å fyrst sote ned heile papiret med kol, for deretter å hente fram dei lyse flatene i motivet ved hjelp av knættgummi.
Øvst frå venstre, teikning av: Ane Marie Gjerland, Solveig H. Einevoll, Caroline K. T. Håland, og Kristine Mølmesdal. Nærast på fotoet til høgre er Idunn Amalie Sandemose, og Caroline K. T. Håland. (2009)Foto: Mona Fossdal
Design til bokomslag, med kolteikningane nytta som illustrasjonar
Bokdesign av Inger Lise Heilevang, Karoline Vie, Solveig Henriette Einevoll, og Kristine Mølmesdal
Portrett i kol:
Her er eit døme på ei portrettoppgåve i kolteknikk i klasse 2sfa, der elevane arbeidde med utgangspunkt i foto, tok eit utsnitt av motivet, og forstørra dette opp på store papir – med ru/grov overflate. Også i denne teikneoppgåva fokuserte elevane på å best mogleg gjengje proporsjonar, former, teksturar og valørar frå motivet.
Kolportrett av Kamilla Stokkevåg og Marta Osland Lavik

Stort fagleg og sosialt utbyte av studieturen
august 30, 2011Ved Mo og Jølster vgs. nyttar vi omgrepet studietur, og ikkje klassetur. Når vi reiser i inn- og utland saman med elevane er vi er på faglege reiser. Studiereisa siktar mot nye opplevingar og kunnskap, ved å utvide eleven sitt synsfelt og gje kunnskap om kultur og kvardagsliv andre stader enn heime. For mange elevar inneber det ei oppvakning. Det sosiale aspektet blir også godt ivareteke.
For oss som er faglærarar i programfaga, så er ikkje ”turar” eit mål i seg sjølv. Turane er eit middel for å utføre ei oppgåve og løyse utfordringar som er relevant i forhold til den kvardagen og dei krava som vil møte elevane våre, som vel å satse på ei karriere innanfor desse fagområda. Når dette er sagt, vil vi raskt tilføye at studieturar er eit pedagogisk og fagleg verkemiddel som er grensesprengande for elevane på mange måtar, både fagleg, sosialt og til dels økonomisk.
Her kan du lese heile innlegget vårt om erfaringar frå studieturar, skriven av Kari Eikås, Wenche Steinsvik, Mona Fossdal, Anne Brit Sande, og Olav Øygard (faglærarar i frå Studiespesialiserande formgjevingsfag, og Medium og kommunikasjon): Stort fagleg og sosialt utbyte av studieturen 10.11.09 C

Designprodukt inspirert av stilar og uttrykk
august 30, 2011STREET ART OG GRAFITTI
Elevane i klasse 1mkb hadde ei oppgåve i mediedesignfaget der dei skulle designe ein header til sin eigen blogg. Stilen skulle vere inspirert av enten Grafitti eller Street Art. Her er nokre av dei flotte arbeida!
Bloggheader av Caroline Skarstein
PUNK OG POPKUNST
No i haust gjennomførte elevane i klasse 1mka og 2mka (medium og kommunikasjon) ved Mo og Jølster vgs. ei designoppgåve, der dei tok utgangspunkt i ein tidlegare stilperiode. I 1mka gjekk oppgåva ut på at dei skulle designe omslag (framside) til skuleårboka for 09-10 i punk stil, medan dei i 2mka skulle designe omslaget i popkunst stil ala Roy Lichtenstein. Ein jury beståande av lærarar og elevar ved skulen valde ut arbeidet til 1mka-eleven Thea Halås. Her ser vi vinnarbidraget!
Årbokdesign av Thea Halås.
Designet har typiske trekk frå punk stilen. Bakgrunnsflata består av ein collage, laga av bilete med rivne ytterkantar. Silhuetten av personen med hanekamfrisyre på framsida gjev assosiasjonar til punk, og fargebruken med raudt og svart/kvitt er også typisk for punk. Den røffe skriftkomposisjonen med blanding av ulike fontar, og bokstavane plassert tilsynelatande ”hulter til bulter” er også typiske kjenneteikn for stilen.
Arbeida i popkunst stil blei også spennande. Her er eit døme på eit bilete (under til venstre) som er laga av den amerikanske popkunstnaren Roy Lichtenstein (1923-1997), og til høgre ser vi eit framsidedesign i popkunst stil laga av ein elev i frå klasse 2mka. For å få den typiske teikneseriestilen har elevane fyrst fotografert eit motiv med til dømes medelevar som stiller seg opp i ulike positurar. Deretter har dei anten teikna over linjene manuelt med tusj og scanna desse inn for vidare bearbeiding digitalt, eller dei har arbeidd direkte vidare med å teikne opp linjene i Photoshop, Illustrator eller i andre digitale teikneprogram. Nokre har fyrst arbeidd med illustrasjonane i Photoshop, og deretter vektorisert streken i Illustrator. Det viktigaste målet med prosjektet var at elevane skulle bli kjend med det stilhistoriske popkunst uttrykket til Roy Lichtenstein, og lære korleis ein sjølv kan oversette eit vanleg fotomotiv til Lichtensteins stiluttrykk.
Under frå venstre: Maleri av Roy Lichtenstein. Til høgre: Skuleårbokdesign av Rune Mo, i popkunststil inspirert av Lichtenstein.
Skoøskjedesign: Bileta til venstre syner prosessen, med kjeldefoto, og handteikna tusjteikning med utgangspunkt i fotoet. Det er blitt lagt på rastereffektar, og fargar på illustrasjonen, i Photohop.
Skoøskjedesign av Maria Vårdal Haugland. Foto: Mona Fossdal
Her er også døme på bokomslag – designa av elevar på medium og kommunikasjon, der designet også er inspirert av Roy Lichtenstein:
Bokomslag, forsatspapir og tittel/vignettside av Rune Aase Steinsland
Linkar til wikipedia som gjev litt informasjon om punk stil og popkunst: http://no.wikipedia.org/wiki/Punk, http://no.wikipedia.org/wiki/Popkunst, og eit videoklipp med døme på punkmusikk, og videoklipp om popkunstnarane Roy Lichtenstein og Andy Warhol (kjelde: You Tube)
DIVERSE DESIGNPRODUKT I PUNK STIL (Punk ca. frå 1960 – 70 -talet)
Her er døme på diverse elevarbeid i frå medium og kommunikasjonsklassar ved Mojo, som elevane har arbeidd med i mediedesignfaget. Her har elevane designa vinetikettar, magasinframsider til musikkblader, og chipsemballasjar i punk stil:
Elevarbeid øvst frå venstre av: Klas Lothe, Stine Marie Hegrenes, Sunniva Vagstad, Jonas Bergan Dræge, og Urd Ingunn Eriksen. Nedst: Malin Vedvik Leirvik, Ole Andre Rekkedal, og Guro Fosse Fardal. Foto: Mona Fossdal
DIVERSE DESIGNPRODUKT I POPKUNST STIL (Popkunst ca. frå 1940)
I desse døma, har elevane arbeidd med design – inspirert av den kjende pokunstnaren Andy Warhol. Elevane har designa bæreposar (der dei har konstruert, bretta og montert posar i papir sjølv), dei har blant anna laga trykk på T-skjorter og underbukser, laga merkelappar, og arbeidd med bokdesign.
Frå venstre: Kristine Kostøl Hornes (som brettar pose), arbeid av: Stig Indrebø, Tor Midtbø, Runar Smelvær, Sylvia Joo Sargenius, Sigrid Nesheim, og nedst: bokdesign av Vilde Branaas Kleppe. Foto: Mona Fossdal
1MKA: DVD-coverdesign inspirert av Andy Warhol:
Mariell Midtbø Bøyum, DVD-coverdesign. Foto: Mona Fossdal
Ervin Hoti, DVD-design. Foto: Mona Fossdal
Her kan du sjå alle dei flotte DVD-covera – inspirert av Andy Warhol i frå klassen: 1mka DVD-cover 2011-12
Elevane ved Mo og Jølster vgs. har også laga designprodukt med utgangspunkt i andre stilar/uttrykk. Her er nokre døme som syner designprodukt inspirert av 50-tals stil, surrealistisk stil, psykedelisk stil, 70-talsstil, art nouveaustil, russisk konstruktivisme, egyptisk stil, antikken, art deco, mellomalderen, vikingtida osv.
50-TALET
Elevane i 2mka-klassen ved Mojo, har laga menydesign med utgangspunkt i 50-talsstilen. Elevane kledte opp, sminka og styla ei av jentene i klassen, og nytta fotoa av eleven til ulike menydesign.
Her ser vi Malene Birkeland og Siri Ann Roska som styler Sanne Emilie Madsen. Til høgre ser vi menyframsida til Malene
Menydesign i 50-talsstil av Thea Halås
Menydesign i 50-tals-stil av Siri-Ann Roska
Dropsemballasjar inspirert av 50-talsstil av Ida Hjellbrekke Frøyen.
Header til blogg i 50-tals stil, designa av Marta Gundersen og Rune Mo
SURREALISME (frå ca. 1920-talet)
Dei surrealistiske kunstnarane Salvador Dalì og Renè Magritte var inspirasjonskjelda for illustrasjonsstilen til bokdesignet, som blei utført av elevar i klasse 1mka (medium og kommunikasjon), i prosjekt til fordjupingsfaget i fjor. Elevane har sjølv tatt fotoa av personane som er med i bileta/illustrasjonane, og redigert desse saman - med andre fotografiske element i programmet Adobe Photoshop.
Eventyrbokdesignet er laga av Hanne Cecilie Sande, og bokomslaget (under) til “Marthas engler” er laga av Maria Vårdal Haugland
Til kalenderdesignet som er laga av 1mka elevar i faget prosjekt til fordjuping, er også inspirasjonskjelda stilarten surrealisme. Under her ser vi to ulike framsidedesign til kalender i surrealistisk stil. To av bileta syner utsnitt av illustrasjonane. Elevane har tatt utgangspunkt i foto, og arbeidd vidare med fotoa i photoshop, for å oppnå surrealistiske effektar.
Kalenderdesignet til venstre er laga av Siri-Ann Roska, og arbeida til høgre er laga av Malene Birkeland
Design til DVD-cover i surrealistisk illustrasjonsstil, av Caroline Skarstein
Årbokdesign i surrealistisk stil, av klasse 1mka:
Arbeida er laga av Maria Steen, Asbjørn Lote og Erik Fredriksen Nyland. Her kan du sjå årbokdesigna i frå heile klassen:
1970-TALS STIL
Klasse 2mka ved Mojo designa plakatar og annonser til “Open skule”, som skulen arrangerer kvart år. Designet som vi ser under her er inspirert av 1970-tals stilen, som gjerne er kjenneteikna av store blomstermønster, stiliserte motiv, og kraftige, organiske bokstavar/tekst.
Plakatane er designa av (frå venstre) Malene Birkeland, Ann Helen Kvamen, og Ole K. Heilevang
PSYKEDELISK STIL (“Hippietida”, ca. 1960-1970)
Under, frå venstre: vinetikettar og emballasjar i psykedelisk stil. Design av Ragnhild Bjørkedal Gjelsvik og Erlend Sekkelsten. Foto: Mona Fossdal
Her bloggheaderdesign laga av 2mka-elevar, utført i eit psykedelisk formspråk
Design til header (til blogg), inspirert av psykedelisk stil. Design av Elise Gulestøl og Oda Solheim
ART DECO (ca. 1920-1930-talet)
Bokomslaget øvst er laga i PTF-faget grafisk design i 1mka, medan plakaten, og bokomslaga nedst er designa av medium og kommunikasjons-elevar i VG2, i faget mediedesign. Inspirasjonskjelda for designet er Art deco , og den kjende plakatkunstnaren A.M. Cassandre.
Bokomslag av Kristina Juklestad, 1mka
Plakaten til venstre er designa av Bjarne Bakke Kvistad, Bokdesignet (øvst til høgre) er av Stig Indrebø, designet i midten (nedst) er av Sigrid Nesheim, og bokomslaget nedst til høgre er av Jeanett Søreide
RUSSISK KONSTRUKTIVISME (ca. 1914-1920-talet)
Hausten 2010 arbeidd både klasse 1mka, 1mkb og 2mka med stilen Russisk kontruktivisme i faget mediedesign og medieuttrykk. Klasse 1mka og 1mkb lagde design til framside til skuleårbok, medan klasse 2mka lagde menydesign.
Over ser vi framsidedesignet som blei velt ut til å nyttast til skuleårboka for Mojo: 2010-11. Design av Ingrid Befring Hage
Årbokdesign av Caroline Skarstein og Mariell Buttedal Myklebust
Menydesign av Aleksander Nygård Tonheim
Menydesign av Ann Helen Kvamen
Menydesign av Ole Kollstrøm Heilevang
Menydesign av Ole Kollstrøm Heilevang. Foto: Mona Fossdal
MODERNISME (slutten av 1800-talet til 1900-talet)
Elevane i 2sfa arbeidde i vinter med design inspirert av den nederlandske kunstnaren Piet Mondrian (1872-1944). Den nonfigurative stilen som kunstnaren sjølv kalte ”neoplasticism” er inspirert av kubismen, og består av geometriske gule, raude og blå kvadrat og rektanglar – inndelt på formatet med tynne svarte linjer i mellom. Under ser vi døme på årbokdesign i denne stilen, laga av elevar i frå Studiespesialiserande m. formgjevingsfag – VG2:
Design frå venstre av Kine A. L. leknes og Marta Osland Lavik
ART NOUVEAU (ca. 1890 – 1910)
Det som kjenneteiknar denne stilen, er dekorative, snodde, organiske former, gjerne inspirert av dyr, planter, menneske eller andre “naturmotiv”. Det er gjerne klart avgrensa fargeflater, med konturer som skil alle flatene i motiva (noko ala stilen m.blyglasvindauge/glasmosaikk), og fargeflatene har gjerne nyansar og valørar. Elevarbeida som er viste her, er inspirert av den kjende tjekkiske art nouveaukunstnaren Alphonse Mucha.
Øvst frå venstre: Vinetikettar i Art Nouveau stil av Julia Haveland, Ingunn Eriksen og Guro Fosse Fardal. Foto: Mona Fossdal
Bokomslag i Art Nouveau stil av Ørjan Bruland, og magasindesign av Bjarne Bakke Kvistad, inspirert av Art Nouveau kunstnaren Alphonse Mucha
Menydesign i Art Nouveaustil
Elevarbeida under her er ein del av eit tverrfagleg prosjekt, i forbindelse med studietur til Praha. Menydesignet er laga av elevar ved Mojo, som gjekk på andre årstrinn, på den “gamle formgjevingsfagslinja” ved skulen (Teikning, form og farge). Dei har designa ein meny til “restaurant Kafka”, inspirert av den tjekkiske forfattaren Franz Kafka, og av stilen til kunstnaren Alphonse Mucha .
Designet er laga av (frå venstre) Marie Rundereim, Kine Haukås, Gert Fonn Skår, og Fredrik Larsen. Foto: Mona Fossdal
Her er ein liten film (frå Youtube) om den tjekkiske Art Nouveau kunstnaren Alphonse Mucha
MELLOMALDEREN (ca.500-1500-talet)
Designprodukta i dette dømet er inspirert av gotisk stil. Bokdesignet til venstre er laga av ein 1mka-elev på linja medium og kommunikasjon ved Mojo, og vinetiketten til høgre er designa av ein elev som gjekk på den “gamle” formgjevingsfagslinja ved Mojo, “Teikning, form og farge”. Illustrasjonen på bokomslaget består av fleire transparente lag med foto, som er redigert saman i Adobe Photoshop. Illustrasjonen på etiketten under til høgre er laga i teknikken pastellkrit.
Bokomslag av Guro Fosse Fardal, og etikettdesign av Marius Lemoen. Foto: Mona Fossdal
Illustrasjon i scraperboardteknikk, og bokdesign inspirert av gotisk stil, av Mia Hofsøy, klasse 2sfa – studiespesialiserande formgjevingsfag
Bilete/illustrasjonar inspirert av bysantisk mosaikk
Desse bileta/illustrasjonane er laga av VG2 elevar på programområdet for studiespesialiserande formgjevingsfag. Elevane har gjengjeve eit fotomotiv i ein papircollage-teknikk, der stilen er inspirert av bysantiske mosaikkar. Det oppstår ein spennande kontrast i mellom motiva (som til dømes Cola-flaska), og stilen/biletuttrykket, som gjev ein link til den bysantiske mosaikk-kunsten på 500-1400-talet. Collagane som elevane har laga, er nytta som illustrasjonar på bokomslag i ei designoppgåve på våren.
Pingvincollagen er laga av Amalie Vinda, Tigeren av Kristine Mølmesdal, Colaflaska av Julie Aardal, Gullfisken av Inger Lise Heilevang, Andletet av Sofie Halbrend, og Rosa av Caroline K. T. Håland. Foto: Mona Fossdal
Her ser vi Karoline Vie på biletet til venstre, og det ferdige kattebiletet hennar i midten. Utsnittet av fisken til høgre viser biletet til Idunn Amalie Sandemose. (2010) Foto: Mona Fossdal
Bokomslag av Caroline Kristin Torres Håland
Bokomslag av Idunn Amalie Sandemose
Bokomslag designa av Julie Aardal, Ane Marie Gjerland (under), og Amalie Vinda (til høgre)
VIKINGTIDA (ca. 700-1000-talet)
I døma under, så har elevane utforma produkt som gjev eit moderne inntrykk, samstundes som motiva og formene som er nytta i illustrasjonane får fram assosiasjonar til vikingtida. Dette var ei oppgåve som elevar på VG2 – medium og kommunikasjon arbeidde med i faget mediedesign.
Kortstokken og emballasjen er designa av Sigrid Huke, og T-skjortedesignet er av Astrid Bjørkedal Gjelsvik. Foto: Mona Fossdal
EGYPTISK STIL (Oldtidas Egypt, frå ca. år 3300 f. Kr.)
MK-eleven som har arbeidd med dette bokprosjektet, – har nytta papyrus som bakgrunn, i tillegg til ei sjølvlaga maske som illustrasjon. Fargane er bearbeidd i Photoshop, og hieroglyfar og typografi er lagt på i Adobe Illustrator. Eleven har laga design til bokomslag, forsatspapir og tittel/vignettside, og kolofonside.
Bokdesign av Mari Ytrehus Moldestad
ANTIKKEN (ca. 700 f. Kr. – 500 e. Kr.)
Emballasjedesign med antikken som inspirasjonskjelde. Dette var ei oppgåve på vg2-nivå, i faga mediedesign og uttrykkshistorie i ein medium og kommunikasjonsklasse ved Mo og Jølster vgs.
Design til skoøskje, blekkhusetikett og emballasje av Vilde Branaas Kleppe. Foto: Mona Fossdal
Design og illustrasjonar inspirert av urbefolkningskunst
Her er eit døme på vinetikettdesign til australske vinar, som er blitt arbeidd med i faget prosjekt til fordjuping/design i vg1, medium og kommunikasjon ved Mojo. Eleven som har designa etikettane, har tatt utgangspunkt i aboriginarkunst, stilen/kunstuttrykket til australske urinnvånarar, og har nytta penselverkty i Adobe photoshop som illustrasjonsteknikk.
Designet er laga av Ingrid Vågane Helle. Foto: Mona Fossdal
Te-emballasjar med design som er inspirert av australsk urinnvånarstil. Til venstre: Ole Kollstrøm Heilevang, til høgre: Thea Halås. Foto: Mona Fossdal
Te-emballasjar i eit design som er inspirert av arabisk stil, laga av Ann Helen Kvamen. Foto: Mona Fossdal
Te-emballasjar inspirert av afrikansk stil. Dei to boksane til høgre er designa av Silje Undal, og boksen til høgre r designa av Siri Ann Roska i 2mka. Foto: Mona Fossdal









































































