
Profileringsmateriell
august 30, 2011LOGO er kanskje det viktigaste elementet i profileringsmateriell. Ein logo skal kommunisere visuelt, få fram assosiasjonar til bedrifta, klubben, organisasjonen eller forretninga som den skal nyttast for. Både typografi, fargar og formar/motiv i logoen må vere valt ut i frå kommunikasjonsverdien. Logoen skal fungere i forhold til målgruppa, og må kunne nyttast i ulike storleikar, og til ulike produkt og bakgrunnar. Den må vere enkel og tydeleg, også i nedskalert storleik. I dømet under her ser vi logoane som ungdomsbedriftene til MOJO har designa dette skuleåret. Klasse 2mka har arbeidd med logodesignet i mediedesignfaget (Blikkfang UB), medan 3sfa har arbeidd med designet i faget Design og arkitektur (Art de-sign UB). Viser også her nokre døme på andre utprøvingar til logodesignet, og logoen som blei nytta til 2mka si ungdomsbedrift i fjor.
Logoen øvst til venstre er designa av Elise Haram Vannes, og logoen til høgre er designa av Hanne Cecilie Sande. Under ser vi logoforslag av Hanne Cecilie, Lene Ytreland Nordbotten, og Maria Vårdal Haugland
Visittkort (og logo) av Urd Ingunn Eriksen
PROSESS FOR UTFORMING AV LOGO
I denne videoen (frå You Tube) får vi eit godt inntrykk over arbeidsprosessen som ligg bak eit logodesign:
I ein visuell profil bør det vere eit klart seriepreg i mellom alle element/produkt. Logo, fargar, typografi, former/element, og fargar skal ha ein visuell heilskap. Dei designmessige vala skal ta utgangspunkt i kva ein ynskjer å kommunisere. Her er nokre døme på elevarbeid (til visuelle profilar) som er laga av MK-elevar i mediedesignfaget, ved Mojo:
Visittkort til ungdomsbedrift av Ole Kollstrøm Heilevang
Profilering til musikkforretning, av Urd Ingunn Eriksen
Profileringsmateriell til eit hotell, av Ingve Eikeland. Foto: Mona Fossdal
Kvar haust pleier vi å gjennomføre eit tverrfagleg reklameprosjekt i medium og kommunikasjonsklassane, på VG1 nivået. Elevane arbeider i grupper, og utformer reklametekstar og slagord, fotograferer, og lager design til ulike reklameprodukt (annonse, plakat, bærepose, gåvepapir, folder, brosjyre, visittkort, emballasje osv). Dei arbeider med prosjektet i faga mediekommunikasjon, medieproduksjon og i mediedesign. Her er eit døme på reklameprodukt som 1mka elevar har laga for butikkar som sel klede:
Produkta øvst, til Lene V, er laga av Steffen Mikkelsen Fureli, Oda Skaar Solheim og Lene Y. Nordbotten. Andre rad, produkt til Smia: Siri Ann Roska, Camilla J. Svensli og Caroline Helle. Tredje rad, produkt til Lene V, er laga av: Silje Undal, Thea Halås og Ann Helen Kvamen. Foto av 3-dim. reklameprodukt: Mona Fossdal
Produkta øvst, er designa av: Guro Fosse Fardal, Ingrid Vågane Helle og Kjersti Lien, og produkta nedst, er designa av: Signe Øvrebotten, Marte Wergeland Solemdal, og Ragnhild B. Gjelsvik
REKLAMEMATERIELL TIL EIN ORGANISASJON
Reklameprodukta er laga av Sanne Emilie Slåtten Madsen, Helga Øen Åsnes og Malene Birkeland
SKILTING, PIKTOGRAM, TEIKN OG SYMBOL
I prosjektfaget i ein medium og kommunikasjonsklasse ved Mojo, arbeidde ein av elevane med opptaksprøvar til KHiB (Kunsthøgskulen i Bergen). Ei av oppgåvene til opptaksprøven, var å utforme piktogram (skilting) til ulike rom ved ein skule. Desse piktogramma blei svært flotte! (Eleven kom også inn ved KHiB!) Eleven fokuserte på å lage klare, enkle symbol, og visuell heilskap/seriepreg i mellom dei ulike piktogramma. Piktogramma gjev eit moderne uttrykk, likevel om motiva har ein klar link til “gammaldagse” gjenstandar.
Piktogram av Vilde Kleppe Branaas
Vignettar til TV-program: Vg1 elevar v. Mo og Jølster, hadde ei oppgåve i faget mediedesign – som gjekk ut på å redesigne vignettar/kjennemerke for TV-program. Her er eit døme på nokre av TV-vignettane:
TV-vignettar av Vegard Bjørneset, Rune Aase Steinsland og Tore Åsen

