
Velkommen til Monas blogg!
august 30, 2011Hei! Eg heiter Mona Fossdal, og underviser i programfag innanfor medium og kommunikasjon, og studiespesialiserande formgjevingsfag ved Mo og Jølster vgs. I denne bloggen vil eg vise døme på elevarbeid til oppgåver og prosjekt i designfaga her ved Mojo. Dei siste arbeida som er lagt inn på bloggen er Monogram og Årbokdesign av 1mka-elevar (under kategorien “Calligram” og under “Design/stilperiodar”). Velkommen til bloggen min om designfag i skulen! Og stikk gjerne òg innom ein eigen blogg for programområdet Studiespesialiserande med formgjevingsfag for å sjå kva som skjer innan dei tre SF-klassane ved skulen vår!

Hei. Kjempefin blogg
Eg lurer på kva de gjer for å få løyve til å publisere namn, bilete og arbeid på nett? Me spør for kvart bilete og arbeid og det er tungvint.
Venleg helsing
Rakel Marøy
Hei! Eg pleier å spørje elevane i klassane i oppstarten av skuleåret på om eg får leggje ut arbeid av dei gjennom skuleåret på denne bloggen som omhandlar design, illustrasjonar og teikningar laga ved Mo og Jølster vgs. Pleier likevel å passe på at arbeida som vert lagt ut – er i små format (eventuelt viss formatet er større så legg eg tekst over bileta), slik at dei ikkje eignar seg for å verte kopiert eller verte nytta i andre samanhengar av andre. Synes også at det er viktig å kreditere arbeida med namn. Det er i hovudsak bilete av arbeid eg legg ut, men når eg fotograferer elevar medan dei arbeider med prosjekt, pleier eg å spørje om det er greitt at eg legg bileta av dei ut på bloggen. Dette pleier å gå heilt fint
MF